Annette Helland har gitt sitt bidrag til boka "Idebroen for barnehagen". Foto: Kjetil Rydland.

Annette Helland i Fitjarstølane barnehage kom opp med ein kjempegod idé, som var så god at han kom med i den nye boka «Idébroen for barnehagen».

Boka er basert på Facebook-gruppa med same namnet, Idébroen for barnehagen. Her deler barnehagetilsette frå heile landet gode idear med kvarandre. Ei av desse er Annette Helland i Fitjarstølane barnehage. Ho har etter kvart fått mykje erfaring frå barnehage; det er 17-18 år sidan ho tok fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.

Dei siste seks-sju åra har ho vore i tilsett i den kommunale barnehagen på Fitjarstølane. Her er det til saman 36 ungar i alderen eitt til seks år.

Annette er beskjeden på eigne vegner, men synest det er svært kjekt at dei vil ta med noko frå vesle Fitjar i ei slik bok, som blir lesen av så mange. Ho har lagt ut på Facebook-sida ein formingsaktivitet som ho hadde med eit par to-tre-åringar i fjor: «Påskekyllinger laga av 1–3 åringer».

– Ideen har eg frå håve mitt, smiler Annette, det var berre noko som blei til undervegs!

Då ho la ut ideen sin i fjor, viste det seg snart at han slo godt an. Det hagla inn med likes og positive kommentarar på Facebook-sida. Det viste seg at det var mange andre som ville laga liknande ting med sine barn i barnehagane sine.

I boka ser me bilete av eit par ungar i Fitjarstølane barnehage, i ferd med å laga påskekyllingar på tapptallerkar.

Redaktør Svein Helge Grødem tok kontakt for å få lov å bruka ideen i boka som heiter det same som Facebook-sida. Dermed blei ho ein av 98 bidragsytarar i den boka «Det beste fra Idébroen for barnehagen 2» som kom ut i oktober.

- Annonse -

Idébroen for barnehagen starta som Facebook-gruppe i 2015. I 2015 begynte medlemstalet plutseleg å stiga til fleire tusen, og nye melde seg dagleg på.

I oktober 2018 er medlemstalet 70 000, og rundt 85 prosent av dei er tilsette i barnehagar. Det vil seia at langt over halvparten av alle tilsette i norske barnehagar er medlemmer.

I gjennomsnitt er 45 000 innom kvar dag og legg igjen likes, kommentarar eller innlegg. Det kjem no rundt 30 nye idear kvar einaste dag!

(Kjelde: Idébroen for barnehagen – det beste fra Idébroen for barnehagen 2)