Fitjardama Anne Aarskog, som representerte Hordaland, gjekk heilt til topps i Fjord1 sin svelekonkurranse i Bergen i dag.

Dei andre som deltok  var Lillian Monsen, Trøndelag; Ellen Worum, Møre og Romsdal; Inger Falkevik, Sogn og Fjordane og Marit Norbø, Rogaland. Dommarpanelet bestod blant anna av Herman Friele (Kaffehuset Friele), Leif Øverland (konsernsjef Fjord1) pluss nokre ferjependlarar og sveleelskarar.

– Sveler og ferjer høyrer i lag, og me har fått tilbakemeldingar om konkrete ting, blant anna om kvifor det er meir smørkrem på svelene på det eine sambandet enn andre. Så no ville me kåra den beste svela av alle, sa kommunikasjonsdirektør i Fjord1, Ingrid Færøyvik, til NRK.

Ho kan vidare fortelje at i tillegg til heider og ære ved å bli best, fekk Anne  «Den gylne sveletakka», som er den einaste sveletakkenåla i heile verda, og den skal vinnaren ha på uniforma som synleg bevis på sigeren.

NRK spurde Anne om kva kommentar ho hadde til at hennar oppskrift no vil bli brukt som standardoppskrift på sveler i heile Fjord1.

– Kjempefint! Endeleg har dei skjønt det, lo Anne.

Herman Friele i dommarpanelet hadde berre godord å seia om vinnarsvela.

– Ho var flott komponert, flott gjennomført og hadde ein herleg smak. No gler eg meg til å ta ferja, sa Friele.

Les meir på NRK