Anleggsarbeidet i Midtfjellet er i full gang, kunne Fitjarposten konstatera i regnvêret i dag.

Etter at anleggsmaskinane kom på plass i går, gjekk det ikkje mange timane i dag før det var laga fleire hundre meter veg oppover fjellet. Då Fitjarposten kom forbi, var arbeidet med vegen i full gang. Det same var arbeidet med å setja opp brakkeriggen som entreprenørane Stangeland og Reinertsen skal bruka som base ved Olstjødno.