Då Bjørg Strømme vakna tidleg i dag og såg ut vindauget, sperra ho opp augene. Anguskyr var på ferde i hagen hennar, i byggefeltet i Havn.

-Ei heil bøling i hagen !! No bur me riktig nok i Havnahagen, men likevel…… !, skriv Bjørg Strømme, litt spøkjefullt, til fitjarposten.no.

Men ho gjev samstundes melding om at ho ikkje tykkjer særleg om å ha desse dyra gåande i hagen sin, og dette er andre gongen på ei veke det skjer, får me vite.

-Kyra høyrer no eigentleg til heilt ute på Rossneset, men kanskje er dei på vandring etter ein betre frukost….. ?, spør Bjørg Strømme til slutt, med von om at eigarane kan ordna opp i dette.

Ta bilete og send dei inn til fitjarposten.no – og del dine blinkskot med andre.