Det er sju veker sidan førsteslåtten begynte på dette jordet, siste fredagen i mai.

Då skreiv me at det var tidleg start. Det vert det for andreslåtten også, og sjølvsagt er det godveret som har gitt tidleg slått. Graset er takande, seier dei som har greie på det. På andre sida av vegen gjekk det om lag tjue beitande kyr og kjende lukt av nyslått gras som skal bli maten deira til vinteren.

Ingressbilete: Andreslåtten har starta. Foto Turid Sandvik