Fitjar skulekorps kom på andreplass i 2. divisjon brass i NM i Trondheim i dag

I år var det ikkje fleire enn tre deltakande korps i denne klassen, men det var sterke motstandarar Fitjar skulekorps møtte. Korpset spelte stykket The dark side of the moon. 92 poeng og 2. plass var ein flott prestasjon av korpset og det var stor jubel i reisefylgjet over andre plassen. Reisefylgjet bestod av vel 50 personar; 32 musikantar i hovudkorpset, 4 av aspirantar (av totalt 7) og ein flokk foreldre/turleiarar.