Comeback av Helge Træet førte til sikkert forsvarsspel og tre poeng i ein jamn kamp heime mot Rosendal.

Kampen vart avgjort allereie før me hadde sett oss godt til rette, då Thomas Waage med ein følsam høgrefot lobba elegant over ein Rosendal-keeper på halvdistanse. Resten av omgangen var rimeleg jamspela, men heimelaget hadde dei største sjansane. Berre gode fotparadar av målmannen og rein flaks hindra 2 – 0 sju minuttar før pause, då me noterte ein trippelsjanse ved Thomas Waage, Goff Helland og Gjert Ståle Olsen.

Etter pause overtok bortelaget mykje av banespelet, utan å skapa dei heilt store sjansane framfor Oddgeir Træet i målet til Fitjar. Det vart nokre farlege hjørnespark og innlegg av det, men ei opplagt forsvarsrekkje, med Helge Træet og Lars Andreas Larsen i spissen, rydda godt opp. Framme på banen var særleg Jan Åge Tislevoll farleg frampå ved eit par høve, m.a. med ei heading i tverrliggjaren.

Kanskje må den våte banen ta sin del av skulda for at kampen vart prega av mange feilpasningar og lite planmessig angrepsspel frå båe laga. Men god innsats og tre poeng til heimelaget gledde oss sjølvsagt.