Elevane i 10. klasse ved Rimbareid skule fekk inn nesten 100 000 kroner i det store andesleppet i Fitjarelvo i dag.

Over 1000 gule, oransje og blå plastender blei sleppte ut i Fitjarelvo frå brua ved drivhusa, og målpassering var 300 meter lenger nede, ved sportellet. Fleire hundre spente tilskodarar møte opp for å følgja endene heile vegen fram til målsnøret rett ovanfor brua.

Elevane klarte å selja ut nesten alle dei 1100 endene som dei hadde leigt frå IL Ørnar på Voss. Dermed gav andesleppet ei bruttoinntekt på nesten 110 000 kroner. Når me trekkjer frå driftsutgiftene, står me igjen med ei nettoinntekt på rundt 90 000 kroner, seier foreldrerepresentant og arrangør Ole Bergesen.

Dermed får 10.-klassingane eit kjærkome tilskot til Polen-turen i oktober.

Dei heldige vinnarane av pengepremiar blei:
1. Vibeke Krey 5000 kr.
2. Arnstein Andersen 3000 kr.
3. Johannes Lutro 2000 kr.
4. Vibeke Krey 500 kr
5. Sylvi Nysæther 500 kr
6. Ingrid Helland 500 kr