Det var stor deltaking og stor spenning under det tradisjonelle andeløpet som Fitjar Teaterlag arrangerte i Fitjarelvo i dag kl. 13.30.

Hundrevis av gule plastender blei sleppte ut i Fitjarelvo frå brua ved drivhusa, og måpassering var 300 meter lenger nede, ved sportellet. Mange spente tilskodarar hadde møtt opp og kunne følgja endene heile vegen fram til målsnøret rett ovanfor brua.

I den ordinære klassen gjekk anda til Per Roger Hoff av med sigeren. 2.-plassen gjekk til Ole Træet, og Kjell Tislevoll blei nr. 3.  I klassen "Super And" hadde arrangøren avgrensa deltakartalet til 100. Her vann Anita Vindenes 1.-plassen, framfor Bengt Monry Olsen og Sigrid Skram Isdal.