Førstkomande laurdag vert det igjen arrangert andeløp. Denne gongen til inntekt for 10. klassingane sin Polentur med Aktive Fredsreiser, der ein mellom anna vitjar Auschwitz.

To av elevane som skal vere med på turen er Maria Nesbjørg og Katrine Hatlevik. Av tidlegare elevar har dei høyrt at dei kjem til å få ei oppleving dei aldri vil gløyme.

– Me gler oss veldig og er samstundes spent på kva me møter, seier elevane.

– Elevane har samla inn pengar gjennom mykje forskjellig dugnadsarbeid. No vonar dei å få inn ein god del gjennom andeløpet, seier Ole Bergesen og Vidar Larsen, som representerer foreldra.

Andeløpet finn stad førstomande laurdag kl. 13.00 med start frå drivhusa og målgang som vanleg ved Fitjar Sportell.

Har ein ikkje fått kjøpt lodd på and før, kan ein gjere det ved Sportellet ein time før start.

Premiar:
1. plass: 5000,- kr
2. plass: 3000,- kr
3. plass: 2000,- kr