Den amerikanske forkynnaren Todd Bentley kjem til Fitjartun, førstkomande onsdag. Han har vore svært omstridt. -Men no er ting endra og styrka, seier pastor Frank Håvik i Menigheten Nytt Liv Sunnhordland som arrangerer møtet.

I ein e-post til fitjarposten.no skriv Håvik:

«Onsdag får vi storbesøk frå USA. Evangelisten TODD BENTLY får anledning til å ta et møte hos oss i samband med et besøk i Stavanger. For de som ikke kjenner til Todd er han leder for vekkelsesorganisasjonen Fresh Fire i USA (sjekk www.freshfireusa.com) For ca 4 år siden stod Todd i en kjempestor vekkelse i Lakeland i Florida/Usa, der folk fra heile verda søkte til og fekk sterke møter med Gud. Møta pågikk kvar dag i ca 1/2 år. Det er ikkje til å legge skjul på at Todd har vore omstridd slik det har vore med mange Guds menn og kvinner. På tross av at Gud brukte Todd mektig i Florida skjedde det også  ein del uheldige ting, og Todd vart etter det borte fra søkelyset i fleire år. I den tida fekk han kyndig veiledning og hjelp frå andre forkynnarar til komme tilbake. No er ting endra og styrka, og Gud angrar ikkje sitt kall og nådegåver. Kjente pastorer i USA har gjeve Todd ny anbefaling som evangelist. I dag er Todd i teneste igjen for fullt og har møter over hele verda. Sterke helbredelser, tegn og mirakler fylgjer denne tenesta. Vi kjenner ein som har arrangert møter med Todd i Stavanger sist helg, og det er han som har tilbydd oss eit besøk. Velkommen til en spennende og utfordrende kveld på Fitjartun, i Fitjar sentrum. Les vitnesbyrdet til Todd på heimesida til Fresh Fire.»

Sidan Todd Bentley er omstridt, finn me det rett, for å skape litt balanse i saka, å linke til ein artikkel som seier noko om kvifor han er nettopp det. Artikkelen finn du her.  Ein finn òg ei rekkje andre linkar om ein googlar Todd Bentley.

Dette skriv Dagen.