Over eitt hundre Raunholms-ætlingar sette kvarandre stemne i helga i høve at Mary Younggren og familien hennar hadde kome den lange vegen frå Minneapolis i USA.

Laurdag føremiddag heldt Raunholms-folket slektsstemne i kyrkja og i bedehuset på Fitjar. Felles for alle var at dei var knytte til slekta etter dei to som busette seg på ein av gardane på søre Raunholm i 1847. Dei to som då slo seg ned på garden, kom begge frå Stord, Erik Pedersen Langeland og Guri Torbjørnsdotter Hystad. Grunnen til slektsstemnet var at det kom gjester heilt frå Minnesota i USA. Mary Younggren er barnebarnet til Gustav Raunholm, som emigrerte til Amerika i 1910, 20 år gammal.

Son til Erik Pedersen og Guri Torbjørnsdotter, Peder Erikson Raunholm, f. 1854, fekk fem born som blei vaksne: Erik Johan, f. 1878, Jens, f. 1880, Tollak, f. 1887, Gustav Laurits, f. 1890, og Guri Gunhilde, f. 1893. Tollak overtok garden på Raunholm, og er bestefar til Roald Raunholm, som eig garden i dag. Guri blei gift med Engjel Lorentson Eide. Både Erik, Jens og Gustav reiste til Amerika for vel 100 år sidan. Sistnemnde kom heim på besøk i 1954, medan Erik og Jens aldri kom tilbake til Noreg. Litt fleire opplysningar om dei tre brørne kan du finna her:

Mary Younggren, som har vore på besøk på Raunholm, er altså tremenning til Roald Raunholm, og til barnebarna til Guri Gunhilde Eide. Det var såleis mange tremenningar samla i helga, og firmenningar til dei to sønene til Mary Younggren, Josh og Luke. Med på møtet i kyrkja og bedehuset var også representantar for den eldre generasjonen. Av barna til Tollak frå Raunholm var Else Marie Hovland og Trygve Andreas Raunholm til stades, og me fekk helsa på fem av barna til Guri og Engjel, Lorents, Per, Einar, Else Marie Pedersen og Gunvor Aga. Initiativtakar til slektstreffet, Grethe Gravdal, dotter til avdøde Edvin Eide, samla den eldre garde i kyrkja og fekk dei til å fortelja om livet på Raunholm for 70-80 år sidan. Eit liv som var nokså ulikt det ungdommen i dag kan sjå for seg.

Dei 22 år gamle tvillingbrørne Josh og Luke Younggren er begge musikkstudentar, og dei imponerte med nydeleg song i kyrkja, saman med mor si. Og i bedehuset kunne Rauholms-ætlingane gle seg over svingande rytmar, då Josh og Luke spelte trombone og piano. Dei to brørne er frå seg av begeistring over Noreg og den norske naturen. Den er noko ulik dei store flatene rundt Minneapolis St. Paul i Minnesota.

Søndag følgde dei sprekaste slektningane med då amerikanarane tok turen til Tindaslottet. Vêret var brukbart, men i klårare vera hadde nok utsikta vore endå meir imponerande. Det heldt i alle fall opplett til alle dei rundt 40 sprekingane hadde nådd toppen. Det skrekkelege toreveret og påfølgjande regnet klarte ikkje øydeleggja dagen for blide og omgjengelege amerikanarar. Dei lét vel om at det hadde vore ein ugløymande tur.

Når den amerikanske familien no snart set kursen heimover att, er det med sinnet fullt av rike minne. Eit av høgdepunkta var nok å få bu i huset på Raunholm som Gustav, bestefar til Mary, reiste frå for vel 100 år sidan. Og ikkje minst steinen der Erik Pedersen Raunholm meisla inn initialane sine «EPR» og datoen 18. mai 1897, kort tid før han reiste til Amerika.

Heile familien seier at dei kjem tilbake til Noreg ein dag, men no håper dei først at norske slektningar tek turen over dammen. Så vidt me forstår, er alle inviterte. Men dei kan nok ikkje ta imot over hundre på ein gong …

- Annonse -