Ein rusa pasient som vart henta ved Koløyholmen i to-tida i natt, skapte seg totalt vrang i ambulansen.

Mellom anna skal han ha slege til ambulansepersonalet slik at ein av mannskapa fekk lettare skadar. I tillegg er det gjort skade på innreiinga og inventaret i ambulansen.

– Politiet måtte ta hand om mannen, som var i slutten på 30-åra, og det endte opp med at han vart plassert i drukkenskapsarrest. Han er vidare anmeldt for forholdet, og saka vert etterforska av Stord lensmannskontor, melder operasjonsleiar Svein Sørensen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.