I fjor lanserte Sparebanken Vest og Fitjarposten Ambassadørprisen. Me fortset tradisjonen og ønskjer no kandidatar til Ambassadørprisen 2014.
Prisen vil bli utdelt til ein enkeltperson eller organisasjon som har:
• sett Fitjar «på kartet»
• gjort noko fitjarbuen kan vere stolt over
• gjort Fitjar til ein betre plass å bu i.
Framlegg til kandidatar kan sendast til: hakon@fitjarposten.no eller på sms eller telefon til: 481 51 491.
Frist: 17. desember.
Ingressbilete: Finalekandidatane i fjor. Montasje: FP/HCH