Alverflaten Jazzband i kyrkja, sju mann som leverte humor, glede og musikk på høgt nivå i kyrkja torsdag kveld.

Fitjarfestivalen er i gang etter at Alverflaten jazzensemble leverte ei gladjazzstund av beste merke i kyrkja torsdag kveld.

Om lag 150 publikummarar kunne klappa og fryda seg i over ein time med feiande flotte jazzrytmar i kyrkja i går kveld. Og dei sju modne mennene i Alverflaten hadde så mykje glede og kondis at dei kunne ha gledd endå fleire, for dette var særs flott!

Gladjazz av beste merke!

Dei glade gutane frå Nordhordland baud på den eine kjende gladjazzlåten etter den andre, blant andre «When the saints», «He’s got the whole world», «Gloryland, «I shall not be moved» og Louis Armstrong-låten «Wonderful world». Og trombonist Jan Helge Alvær batt det heile saman på sin eigne, humoristiske måte, etter at styreleiar i Fitjarfestivalen, Inger Elin Helland, hadde ønskt velkomen.

Alverflaten jazzband består av sju mann som møtest ein gong i veka, noko dei har gjort dei siste 30 åra.

– Guteklubben møtest for å prata som kva som har hendt i det siste, og så øver me gjerne eit kvarter til slutt! sa den glade trombonisten og smilte.

Me som var til stades i kyrkja i går kveld, vil nok tru at dei har øvd litt meir …

Det er vanskeleg å plukka ut høgdepunkt frå ein slik feiande flott konsert, men kanskje den vare framføringa av låten «New Orleans» merkte seg ut. Ein liten, stille augneblink der me kunne ha høyrt ei knappenål falla på golvteppet i kyrkja. Ugløymande! Elles imponerte solisten Rolf Raknes der han sat ved trommene sine. Ei varm røyst med ein spesielt god klang fylte kyrkjerommet, til stor glede for eit lydhøyrt og takknemleg publikum. Kanskje spesielt i låten «Just a closer walk».

 

Humor og alvor – nett som livet!

Eli N. Simonsen hadde nok 150 glade publikummarar med seg då ho tkka for ein fantastisk konsert, både i innhald og framføring. Humor og alvor i skjønn forening, nett som livet!

Musikkjennar og kyrkjeverje Harald Rydland var blant mange fornøgde publikummarar etter den svingande, flotte konserten. – Dette er då gladmusikk som ingen kan mislika, meinte Rydland. Han har spela i korps sjølv, og var imponert over kondisjonen til kveldens godt vaksne musikantar. Og han meiner dei må ha øvd mykje meir enn det konferansier Jan Helge Alvær påstod under kveldens konsert:

– Dei øver heilt sikkert meir enn eit kvarter i veka! slo den musikkunnige kyrkjeverja fast.

Måtte dei koma snart tilbake!

Endå meir overstrøymande var Anne Marie Røed, som håpar ho får høyra Alverflaten Jazzband igjen snart. Ho meinte ho kunne høyrt den same konserten opp att i morgon! Dette var ein heilt ugløymande kveld, meiner den trufaste kyrkjegjengaren frå Rimbareid. Ho var spesielt begeistra for «I’ll fly away». Det er den flottaste gravferdssongen ho nokon gong har høyrt.

– Og eg har levd lenge! understrekar Anne Marie Røed, som ikkje legg skjul på at ho er henrykt over den svingande jazzkonserten.

Alverflaten Jazzband starta i 1988 med opphav Alversund Musikklag og spelar dixieland/tradjazz, god svingande stemningsmusikk. Alle medlemmnene kjem frå Nordhordland. Bandet har hatt oppdrag på festivalane “Sildajazz” i Haugesund og “Strilajazz” i Lindås, og kan skilta med to konserter i New Orleans. Og dei har spela fleire gonger på Swing’n’Sweet.

Desse sju har vore med i bandet heile vegen:

Kjell Alver – kornett
Arnljot Jordal – klarinett og saksofon
Jan Helge Alvær – trombone
Norman Fosse – trombone
Bjarte Skintveit – bass
Knut Bjørnevoll – banjo og bouzouki
Rolf Raknes – trommer