Me har fått melding frå Annar Westerheim i Dåfjorden om at han har observert ein gråsgåsflokk på veg sørover, og at alt dermed er ved det normale.

Annar skriv i ein e-post til Fitjarposten:

Etter observasjonar dei siste 10 åra så er alt ved det normale. Observerte ein grågåsflokk på veg sørover nyleia i retning Siggjo i går ettermiddag. Har dei siste 10 åra notert ned observasjonar av grågåsa si flukt på veg sør, og det varierer kun med to til tre dagar frå år til år. Grågåsa bryr seg lite om veret. Dei har sine faste tider for si flukt. I 2011 var sommaren i nord varm og fin, i år har det knapt vore dagar med 20 varmegrader. Så med to til tre dagar variasjon frå år til år kan me slå vast at alt er ved det normale.