Ordførar Harald Rydland og varaordførar Sigurd Andre Maraas. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Kriseleiinga i Fitjar kommune har nett avslutta dagens ekstramøte.

Tidlegare i dag fortalde med at kriseleiinga i Fitjar skulle møtast til ekstramøte. Ordførar Harald Rydland fortalde i forkant av møte av folk måtte vera førebudde på at det kunne koma tiltak på kort varsel.

No har ordføraren sendt ut ei pressemelding etter møtet der han skriv;

Kriseleiinga i Fitjar kommune har nett avslutta møte der smittesituasjonen og iverksetjing av strengare lokale tiltak vart drøfta. Alt tyder på at det om kort tid vert fastsett ei lokal forskrift etter smittevernlova. 

I dei neste timane vil me ha samtalar mellom Bømlo, Fitjar og Stord for å sjå om me kan komma fram til felles råd og reglar. Når dette arbeidet er unnagjort vil formannskapet gjera vedtak så snart som det let seg, truleg seinare i dag. 

Me kan førebels ikkje sei kva tid ei forskrift tek til å gjelda, men etter at den er vedteken skal det ikkje gå lang tid. I mellomtida ber me alle om å vera varsame og utøva ekstra godt smittevern på alle plan.