Fitjar Idrettslag har snart gjort alt klart til Spar Fitjar Cup, og ventar storinnrykk av minispelarar frå naboklubbane.

Anne Helene Vestbøstad i fotballgruppa fortel at 60 lag er ventande til Fitjar Idrettspark førstkomande laurdag og søndag. Dette er ein liten auke frå i fjor. Dei som har meldt sin ankomst, er laga frå Stordøyo, Solid, Stord,Trott og vertsklubben Fitjar, i tillegg til naboklubben nordom fjorden, Selbjørn.

Kampane startar laurdag morgon kl. 10.00 presis, og er ferdige rundt kl. 16.00 søndag. Laurdag stiller lag frå årsklassane 2004 og 2005, og søndag er det dei minste sin tur. Då kjem lag i årsklassane 2006 og 2007. For mange av dei aller yngste er det fakstisk første gongen dei spelar ein fotballkamp!

Debutantar blir også mange av dommarane i årets Spar Fitjar Cup. Tradisjonen tru får dei ferske dommarane sin elddåp i denne turneringa. Roald Magne Nilsen har også i år kursa ein del nye, håpefulle fotballdommarar på 13 år. Dei vil dela på dømminga med nokre dommarar frå fjorårskullet.

Minileiar Anne Helene Vestbøstad fortel at ho gler seg til årets største arrangement for fotballgruppa i Fitjar Idrettslag. Ho lovar felles premiering fortløpande på eigen scene etter kvart som laga er ferdige.

I Fitjar Idrettspark har banemeister Geir Tore Søreide og gode hjelparar merkt opp til seks minibanar. På ei grasmatte som ifølgje Geir Tore er på sitt aller beste sidan banen blei teken i bruk i 1990. Dermed skulle det meste vera klart til fotballfest. Måtte vergudane og alle andre stå den kjekke bi, slik at turneringa blir ein suksess i år også.