Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Førstkomande laurdag skipar fotballgruppa i Fitjar Idrettslag til Fitjar Kraftlag Cup – den såkalla Vuntercupen – for 30. gong, skriv Agnar Aarskog i ei pressemelding.

Fitjar Kraftlag Cup har vore arrangert sidan 1992, dersom ein ser bort frå 2020, då koronapandemien førte til at ein ikkje kunne arrangera cupen.

Cupen er ein bygdacup, der lag frå forskjellige bygder/byggefelt møter kvarandre i vennskapeleg dyst.

Årets cup har 8 herrelag og 4 damelag. Trekning av gruppeoppsettet for herrelaga vert på torsdag. Sjølve cupen går føre seg på laurdag 27. november. Cupen vert avslutta på Fitjar Fjordhotell med bankett og premieutdeling.

Det er tydeleg at fotballsentrum i Fitjar er Vestbøstad. Det er påmeldt fylgjande herrelag: Vestbøstad, Vestbøstad/Kalveid/Dåfjorden, Sentrum Bakkjen, Havn/Rossneset, Strando/Fitjarstølane, Storavatnet, Storavatnet jr. og Kalveid/Vestbøstad.

Fylgjande damelag er påmeldt, Vestbøstad, Bakkjen/Havn, Stratos/Resten og Øvrabygdo/Dåfjorden.

Kven som er favorittar, er det vanskelg å utropa, men sjå opp for Vestbøstad og Storavatnet jr. på herresida og for Vestbøstad på damesida, seier Agnar Aarskog.

Det vert høgtalarteneste og kiosk på Fitjar Idrettsplass (kunstgraset), avsluttar Agnar Aarskog, som ser fram til ein flott fotballdag på Fitjar laurdag.