Fremdrifta på Midtfjellet er heilt i rute. Det slo dagleg leiar i Midtfjellet Vindkraft, Ole VIdar Lunde, fast under sitt innlegg på årsmøtet til Fitjar Næringsråd, tysdag kveld.

– I dag, torsdag 19. april, vert det første vindmøllefundamentet støypt, og seinare vert det støypt to slike i vekene framover. Om knapt 14 dagar vert trafoen sendt frå Istanbul, og det vert for tida bygd 127 meter veg om dagen, sa Lunde mellom anna om situasjonen akkurat no. Han gjev den gode fjellkvaliteten på Fitjarfjellet ein del av æra for det, i tillegg til svært god jobbing frå entreprenørane si side.

Midtfjellet Vindkraft har elles inngått avtale om at alle vegane som er planlagt i Midtfjellet, skal byggjast ut no. Det betyr at entreprenøren held fram med vegbygginga til alt er ferdig 20. oktober 2012. I alt vert det rundt 27 kilometer ny veg i fjellet. Av dette er over halvparten bygd per i dag.

Lunde var òg innom kaien i Årskog og Fitjarbrua.

– Det var meininga å forsterke kaien i Årskog, men med grunn av problema med dokken, må me la det liggje. Men Fitjarbrua skal forsterkast før trafoen kjem i juni, sa han.

Når det gjeld Olstjørn og området rundt der, ser ein positivt på alle idear, og i alle fall vil bommen for nyevegen bli plassert her. Kva idear som videre er fremja rundt dette, vil fitjarposten.no koma tilbake til.

Som ein del av Fase 1 skal det òg førast kraft (66 kv ) ned til Årskog med kabel i bakken. Til det må det ein ny veg som skal svinga temmeleg bratt nedover, men ikkje brattare enn at kabeltromlane på mange tonn kan fraktast opp. – Me snakkar her om kabel som er tjukkare enn vassrøyr, forklarte Lunde.

Fase 2

Kva med Fase 2?

Denne utbygginga har ein opsjon på, men ho er enno ikkje vedteke. Det som er vedteke er at vegane i alle høve skal byggjast ut, som nemnt ovanfor. Men går det etter Ole Vidar Lunde sine mest optimistiske planar, vil fremdrifta vidare bli slik:

Ferdigkøyring fase 1: Hausten 2012

Oppstart fase 2: Mai 2012

44 vindturbinar i drift: Våren 2013.

Til denne utbygginga får ein ikkje ENOVA-midlar. Innteninga her vil skje gjennom sal av grøne sertifikat.

Her kan du sjå bygde vegar per 31. mars.