Regnboge og lette skyer framfor inngangspartiet til Øvrebygda skule. Foto: Kjetil Rydland.

På Øvrebygda skule har elevane pynta inngangspartiet så fint at me har lyst at fleire skal få sjå dei fine plakatane dei har laga denne veka.

Til liks med andre skular blir Øvrebygda skule folketom på 17. mai. Men lærarar og elevar har jobba godt med nasjonaldagen på førehand.

Me fekk tips frå ein ovbygdar som meinte at fleire burde få høve til å sjå det fine arbeidet til elevane. Og no har me vore innom og teke eit par bilete.

«Alt blir bra» er gjennomgangstemaet på plakatane som elevane har hengt opp i inngangspartiet. Ein stor regnboge, omgitt av skyer med den optimistiske teksten.

– Plakatane taler vel for seg sjølve, seier rektor Sigbjørn Aarland, som gjerne ser at folk tek seg ein tur bortom skulen i helga og ser kor fint elevane har pynta.

Det same gjer me. Det er heilt for gale at ikkje fleire får sjå det fine arbeidet til elevane. Ta gjerne turen bortom skulen og nyt synet!

Diverre blir hovudinngangsdøra låst på 17. mai, men det er høve til å gå bortom og få litt 17. mai-stemning. Foto: Kjetil Rydland.
– Alt blir bra! Foto_ Kjetil Rydland.