Turstien langs Ospehovdavegen er mykje brukt både sommar og vinter.

Ved Øvrebygda skule står eit skilt med namnet Ospehovdavegen. Her er det høve til parkering for den som vil ta ein tur til Surefjell eller kortare strekning. Første del av løypa er grusa slik at ein kjem fram med rullestol til Klovadalstjørna, der det er kvilebenk og bord. Slike kvileplassar finn ein lenger opp og. På siste kvileplassen heng ein post der svært mange turgåarar skriv namnet sitt. Litt lenger oppe sluttar traktorvegen, men siste etappe opp til Surefjell har merka løype. På toppen kan ein og skrive seg i løypeboka, og der er det flott utsyn i alle retningar. Ein gong i året vert namnebøkene samla inn og Øvrebygda Vel trekkjer tre personar (frå kvar bok) som får premie, uavhengig om dei har registrert seg få eller mange gonger. Utdelinga går føre seg på 17. mai-arrangementet på Øvrebygda skule.

Turløypa er utruleg populær, fortel Rolf Petter Johansen, som er leiar i vel-foreninga. Ved oppteljing no i mai vart det notert meir enn 1800 namn, men ikkje alle veljer å skrive seg i løypebøkene. Mange hyttefolk legg turen langs denne løypa, i tillegg til alle frå bygda eller frå Leirvik. Det er populært å ta familien med på tur og grille ved ein av tjørnane, seier Rolf Petter, og han legg til at desse er flinke til å rydde opp etter seg, og tek omsyn til faren ved grilling i skog og mark. Dei fortener all ros.

Øvrebygda Vel gjekk i bresjen for å lage turløypa i samarbeid med grunneigarane i området for mange år sidan. Ved hjelp av tippemidlar og annan økonomisk stønad, blant anna frå Fitjar Kraftlag, greidde dei iherdige dugnadsfolka å opparbeide ein tursti til glede for svært mange. Til tider trengs det vedlikehald på vegen, til dømes etter kraftige regnbyer. Langs stien vart det sett opp mange skilt som fortel om tre, planter og dyr i området. Desse treng ei opprusting. Eit stykke ovanom skulen er det høveleg leikeplass med klatretau og små benker rundt ei grill-hole.

Ein del turgåarar veljer å følgje ei rundløype. Om den er godt merka heile vegen, skal vere usagt.