Harald Rydland gler seg til allsongkveld i Kråko. Foto: Ingrid Hovstad

Torsdag vert de allsong for heile familien i Kråko, og alle inngangspengane går til Redd Barna.

Sommarferien er for mange på hell, eller allereie over, men den gode stemninga treng ikkje forsvinna for det. Og god stemning vert det garantert i teltet utanfor PS Bryggekafe torsdagskveld under allsongkveld for heile familien.

– Kråko Utvikling og eg prata saman når dei lanserte ideen om at dei skulle ha ulike sommarhendingar i Kråko denne sommaren. Eg foreslo allsongkveld for eg tenkte det kunne vera kjekt med noko barnevenleg, fortel ordførar Harald Rydland, som skal styra kvelden.

Harald Rydland skal sjølv spela piano, og har med seg Heine Helland, Per Egil Larsen og Sverre Fangel Brekke i bandet.

– Bror min Tom Rydland og dottera mi Silje skal vera forsongarar. Me har øvd saman og trur dette vert veldig bra.

– Kjekkast å spela for folk som syng

Rydland fortel at dei har laga eit spennande repertoar med mykje kjekke songar.

– Det vert Torbjørn Egner, Alf Prøysen og mykje anna kjekt. Midt i konserten vert det ein liten basar på inngangsbilletten med fine gevinstar. Konserten startar i barnevenleg tid kl.18 og vil vara i ein times tid, seier Rydland.

Rydland er glad for at Kråko Utvikling likte ideen hans om å ha allsongkveld.

– Eg synest song er veldig viktig. Det skapar samhald og ein får lufta røysta si. Eg tykkjer absolutt det er kjekkast å spela opp til folk som syng med, fortel Rydland engasjert.

– Ekstra kjekt er det at pengane går til eit godt formål, legg han til.

Arrangørane minner om at dei under 18 må vera i følgje med foresatte.