-Torsdag 26. mars er det duka for ein utsøkt vårkonsert i Fitjar kyrkje. Då skal det nye konsertpianoet for alvor få syna kva det duger til! Vår eiga Irene Simonsen syt for det!, skriv Hildegunn Aadland for temagruppa i ei pressemelding. Resten av pressemeldinga kan du lese nedanfor. 

 Irene utmerka seg tidleg som ein talentfull og dugande pianist. Ho har studert piano ved Griegakademiet, der ho tok hovudfag med fordjuping som utøvande pianist, med akkompagnement som spesialitet. Ho har jobba mykje som akkompagnatør og repetitør, m.a. med Bergen filharmoniske orkester, ved Haugesund teater, Bømlo musicallaug, på Troldhaugen, i  Bjergsted, Kabuso osv. Ho har òg spelt konsertar på Griegfestivalen i Münstern og ved sjømannskyrkja i New York. Dei siste åra har Irene turnert for Fylkeskonsertane i Hordaland (skulekonsertane). Ho har vidare turnert for den kulturelle skattekista i Karmøy kommune.

Runar Thor Gudmundsson kom frå Island  til Fitjar for fleire år sidan. Han er godt kjend i bygda som den syngjande snikkaren med den gode røysta. Han har Bachelorgrad i song frå 2008, med vidareutdanning i 2009. Han har sunge ved den islandske operaen og delteke på konsertar ved ulike høve , m.a. på Island og i New York. Her i Noreg har han m.a. sunge i Kammeroperaen i Haugesund og på konsertar i Bergen.

Veslemøy Fluge Berg er òg songutdanna, ho er ein stor songar! Ho har Master i song frå Griegakademiet i Bergen og utdanning både frå England og USA. I dag er ho ei av Noregs mest etterspurde sopranar (med rundt 225 oppdrag i året). Ho har vore solist med Bergen filharmoniske orkester, ved Den Nasjonale Scene, på Troldhaugen og elles i inn- og utland. Ho skriv musikk sjølv, og ho har m.a. etablert gruppa «Berg-sisters» saman med døtrene sine. Merittlista er lang!

Tone Christin Lium Røssland kjem frå Tromsø og er utdanna ved Norges  Musikkhøgskole og Guildhall School of Music and Drama i London. Ho spelar trombone, og har jobba i mange orkester og militærkorps. M.a. er ho medlem i Thing Brassensemble (under leiing av Tine Thing Helseth). Våren 2010 flytta Tone til Stord for å undervisa og dirigera korps. Sidan 2012 har ho vore tilsett i Bømlo kulturskule.

-Alle fire er topp profesjonelle musikarar, og til saman spelar dei på mange «strenger». Programmet vert variert; det vert alt frå klassiske perler til såkalla «svisker». Alle som er glade i god musikk, vil finna noko å gle seg over her. Dette vert vakkert!, heiter det, til slutt.