Første søndag i november vert kalla allehelgensdag eller helgemesse. Då er det alltid gudsteneste.

Mange kyrkjelydar innbyr til ei spesiell markering den dagen, der ein minnest dei som er døde i løpet av året. I Fitjar kyrkje var det ei verdig minnestund sist søndag. Sokneprest Olav Oma tende eit lys på altarringen for kvar person, etter kvart som namna vart lesne opp. Sorg og sakn kjem i fokus på ein slik dag, men også Bibelens ord om trøyst til dei sørgjande og vona om gjensyn i Himmelen. Etter gudstenesta gjekk mange til grava der nokon av deira kjære er gravlagde. Tradisjonen med å tenne gravlykter breier om seg, ikkje berre i høve allehelgensdag. Tende lys ser me på kyrkjegardane til ulike tider, særleg i den mørke årstida.

Diakoniens dag vart også markert denne søndagen. Diakoninemnda deltok i gudstenesta og stod bak invitasjonen til middag på Fitjar bedehus. Nemnda sitt arbeid omfattar bl.a. besøksteneste, hyggesamvær på Havnahuset og ein busstur vår og haust. Etter middagen var tid til litt program, der Åshild Vestbøstad viste bilete på storskjerm og fortalde frå ein tur til Ossetia. Så var det tid for kaffi og kaker, og den gode praten var i gang. Soknepresten avslutta samværet.