Alle vêrlamma som møtte fram til kåringssjået torsdag føremiddag, fann nåde for dommarane sina auge, og blei kåra.

Som nemnt av John Karsten Raunholm i førhandsomtalen, skulle dette bli ei kvalitetsmønstring. Og førehandstipset slo til. Det møtte fram 40 forventningsfulle vêrlam frå Stord og Fitjar, og alle ser ut til å unngå fårikålgrytene i haust. Kåringa inneber at dei er godkjende som avlsdyr, og kan sjå framtida lyst i møte.

Av dei 10 smalaflokkane som var representerte, kom to frå Fitjar, og resten frå Stord. John Karsten Raunholm og Agnar Stadheim stilte med kvar sin flokk, og gjorde seg sterkt gjeldande på resultatlistene. Førsteprisen for ullkvalitet gjekk til Agnar Stadheim, medan John Karsten Raunholm sin vêr fekk den gjævaste prisen av alle, nemleg for eksteriør og bein. Her er det heilskapsinntrykket til lammet som er avgjerande. Når det gjeld ullmengd, var Storda-vêren til Lars Olav Litlabø best, medan Tore Atle Sørheim hadde dei tre vêrane med høgast poengsum totalt, inkludert slekt, eksteriør, bein, ullmengd og ullkvalitet.

Dommarane Kåre Habbestad og Hans Martin Harbo fekk ein hyggeleg jobb etter som alle vêrlamma oppfylte minstekrava i dei fire kategoriane eksteriør, bein, ullkvalitet og ullmengd. Verre var nok jobben med å skilja dei beste frå dei nest beste. Karluf Håkull frå Nortura-slakteriet i Sandeid samla inn alle opplysningane i ein landsdekkjande database. I denne databasen finn me rundt 40 % av alle sauene i Noreg, fortel Håkull. Det er dyra til bøndene som er med i sauekontrollen; dvs. rundt 30 % av alle sauebøndene i landet, dei største og mest effektive. Etter kvart som dommarane gjorde sine vurderingar, registrerte Håkull resultata i den store databasen til slakteria i Noreg, på internett via mobilt breiband. Håkull fortel at han kan slå opp på kvart einaste smalabeist som er med i denne landsdekkjande databasen, for bøndene registrerer sjølve lamma etter kvart som dei blir fødde om våren.

Då dette var ei kvalitetsmønstring, var det spanande for små og store sauebønder å møta fram for å sjå seg om etter ein god vêr. Mellom 40 og 50 skodelystne var innom og såg over dei fine lammeflokkane. Blant dei var det nok bønder som fann det dei var ute etter, for her var mykje å velja i. Og dei som berre var skodelystne, kom ikkje fånyttes dei heller. Her var mykje godt prat, slik det alltid har vore på dyreutstilingar.

Premiane for dei beste vêrlamma blei ikkje utdelte i dag. Det skjer ikkje før på festen til Sau og Geit på «Fitjartun» 15. oktober. Då vankar det pokalar til dei beste. Men den viktigaste premien er nok å få vêrlammet godkjent som avlsdyr. For eit kåra vêrlam er grunnprisen 2300 kr pluss mva. I tillegg er det litt ekstra å henta for dei aller beste.

{webgallery}{/webgallery}