Elevar ved Øvrebygda skule. Bilete for illustrasjon. Arkivfoto.

Regjeringa lanserte i dag strategien for korleis ein skal opna opp att Noreg etter 8 veker med dei strengaste restriksjonane sidan krigen.

– Me ynskjer å gå i frå ein «slå-ned-strategi» til ein «kontroll-strategi». Me håpar at frå 15.juni skal det meste som har vore stengt ned vera ope att, men dette er berre om me saman klarar å halda på kontrollen, uttala statsminister Erna Solberg.

Ho fortalde at frå måndag kan alle skular opna opp att, men att kommunane får moglegheita til å gjera lokale tilpassingar. Dermed kan ein få ulike oppstartsdatoar i ulike delar av landet.

Inviter opptil 20 personar til 17.mai

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad fortalde at ein kan invitera opp til 20 personar til 17.mai-feiringa.

– Ein må fortsatt halda 1 meters avstand, men det vert kjekt å kunna møtast att, sa Ropstad.

Kultur- og likestillingsminister Abid Raja fortalde meir om kva som vert lov på nasjonaldagen.

– Det vert diverre ikkje tradisjonelle 17.mai-tog, men det er difor ekstra kjekt at me kan la korps og kor spela og syngja. Matservering kan skje med skikkeleg handvaskstasjonar, og kransnedleggingar og flaggheis kan skje med avgrensa folkemengder. Eg gler meg til landet skal syngja nasjonalsongen saman klokka 13.00, uttala Abid Raja.

Vidare framover

Maks 20 personar gjeld ogso ved trening, i idrettshallar og under organisert idrettsaktivitet. Medan ein kan vera 50 personar under idrettsarrangement og andre arrangement på offentlege stadar.

Regjeringa fortel at dei opnar opp for hendingar med opp til 200 personar frå 1.juni. Då vert det lov med organisert symjing att, og førnøyelsesparkar kan på nytt sleppa inn gjestar. Det vert ogso mogleg for at serveringsstadar som ikkje sel mat kan opna igjen, men berre dei med bordservering.

Frå 15.juni kan truleg badeland, symjehallar og treningssenter opna.

– For dei fotballengasjerte er det nok ein gladnyheit at toppfotballen kan byrja att den 16.juni, fortalde kultur- og likestillingsminister Abid Raja.