Den siste vindmølla i fase 2 vart montert på Midtfjellet i går. Dermed er alle 44 vindmøllene i fase 1 og 2 oppe. 24 av vindmøllene produserer straum.

– No skal det innvendige arbeidet på resten av møllene gjerast ferdig og testast ut. Om ikkje lenge skal alle vegane grusast og fjelgast på ny. I den perioden vert det mykje tungtrafikk med store maskinar.

Etter det vil det verta fri ferdsel på vegane for gåande og syklande, heiter det på Midtfjellet Vindkraft si nettside.

Les meir på Midtfjellet Vindkraft si nettside.