Det er Ole Bergesen som seier dette til Fitjarposten på veg heim frå Revyfestivalen på Høylandet.

Fitjar-delegasjonen ringjer oss frå Snåsa, på veg heim etter ei flott oppleving på Høylandet. Ole Bergesen fortel at ingen av nummera frå Fitjar nådde finale denne gongen. Men det legg ingen dempar på stemninga for dei 12 revyentusiastane frå Fitjar.

– Av 100 nummer totalt i konkurransen er det berre 18 som når finale, så dette er ikkje noko nederlag, seier Ole.

Han framhevar spesielt dei fire ungdommane Ingvild Oma, Marthe Volden Nordfonn, Audun A. Mehammer og Ole André Westerheim. Dei har hatt stort utbyte av turen, og lært veldig mykje, seier han. Sjølv har Ole Bergesen vore mykje oppteken med jobbing under festivalen, i tillegg til å delta med «Vindmøllemusikalen» saman med Terje Træet, Henning Wichmann, Ole A. Westerheim og Audun A. Mehmmer. Fredag kveld var han konferansier under framføringa av 20 revynummer, med 2000 tilskodarar i teltet. Ein krevjande, men inspirerande jobb!

I tillegg opptredde Ole Bergesen med tre eigne show under Revyfestivalen i år. Her framførte han gamle vinnarnummer for dei som ønskte gjensyn med «gamle svisker». På veg heimover seier revygeneralen frå Fitjar seg svært nøgd med opplevinga på Høylandet. Han har aldri sett så mange gode revynummer som i år, seier han.

– Spesielt var innslaga frå Nord-Noreg gode, ikkje minst dei frå Finnmark.