I fjor haust vann klasse 4b, på Rimbareid skule, 4 000 kroner i ein teiknekonkurranse arrangert av Fjord 1. Spørsmålet om kva pengane skulle brukast til var ikkje vanskelig å svara på: Dei skulle ha seg ein tur til Akvariet!

Mandag 14. juli, var endelig dagen komen, og me hadde ein flott tur i strålande sol! Det var mykje spanande å sjå her, og me kom fram til at tre timar var altfor lita tid.

Her var det krokodillar, iguanar, selar, firfisler, slangar, tarantellar, skorpionar, edderkoppar, silkeaper og mange forskjellige fiskearter i allslags storleikar og fasongar.

Me fekk og mata karpene i dammen.

* Visste du at dersom du stikk ein finger nedi vatnet til karpene, byrjer den å suge på fingeren din? Dette fekk nokre av elevane erfare!

Me fekk og sjå ein pingvinunge som var omlag to veker gamal. Far til pingvinungen var litt hissig av seg, så ein dag hadde han banka opp ein av dyrepassarane så han blei sjukemeldt i tre dagar, vart me fortalt.

* Visste du forresten at når pingvinane ristar på hovudet når dei vert tilbode mat, er det ikkje fordi dei ikkje vil ha maten, men det er for å setje i gang slimproduksjonen så dei klarer å svelje han.

I april opna dei ein liten haitunnell på akvariet. Denne var kjempeartig. «Det er jo nesten som 3D film dette her jo,» var det ein av ungane som sa.

Då me kom til Sandvikvåg igjen spurde eg nokre gutar om kva som hadde vore kjekkast på turen; «ALT» svarte dei i kor, så då konkluderte eg med at det var ein vellukka tur!

are anabolic steroids legal