Torsdag kl. 19.00 opnar akvarell utstillinga "Balanse" i Fitjar Kultur- og idrettsbygg. Utstillarar er Bjørg og Maren Sofie Strømme. Bjørg er interessert i  kulturskattar, både lokalt og nasjonalt . Dette kjem fram i motivval og innhald i  bileta hennar. Akvarellmåleria er eit resultat av hennar visuelle observasjonar. Inspirasjonen  får ho av inntrykk og opplevingar i ” hverdagsrommet ” der ho ferdast. Akvarellane hennar er gjerne  ”røffe og tette ” for Bjørg likar fargar.  Nyansar mellom lys og skugge,  og å kunne skape kontrastar i komposisjonane, er viktige element i arbeida til Bjørg, heiter det i pressemeldinga som er sendt ut i forkant av utstillinga. Dei siste fem åra har Bjørg Strømme hatt 10 separat-utstillingar og  seks fellesutstillingar.

Maren Sofie stiller samtidig  ut akrylmåleri .
Ho har måla sidan ho var barn. Den første utstillinga hennar var for 9 år sidan i Bergen. Hun målar helst abstrakte komposisjonar i akryl.  Ho er fascinert av den egyptiske kulturen, noko som syner att i bileta hennar.

John Skogseth ( ordfører i Jondal og tidlegare lærar i Fitjar) opnar utstillinga.

 I samband med utstillinga vil Fitjar Kammerkor halde ein ” mimrekonsert"  med Helge Haaland som dirigent.