Bygdefolk, turistar eller andre tilreisande er velkomne til parkeringsplassen frå kl 12.00 komande laurdag.

Silje Haaland og Andrea Bakketun, Lene Tufteland og Hanne Thunestvedt er ansvarlege for tiltaket. Desse er med i prosjektet Øyhopping med kunstutstilling, som skal gå av stabelen 10. – 12. august (same helga som Fitjarfestivalen). Dei to førstnemnde er initiativtakarar og prosjektleiarar. Laurdag føremiddag blir det ulike aktivitetar og god tid til ein drøs. Dessutan dukkar det opp ei spesiell overrasking og  informasjon om kunstgalleriet.

Om kvelden kl 23.oo blir det arrangert utekino i Håkonarparken. Lene Tufteland fortel at det er leigd inn eit stort kinolerret, og ein lokalprodusert film skal visast fram. Den er varm og morosam og høver for alle aldrar som er oppegåande på den tid av døgeret.  Også då blir det informasjon om  kunstprosjektet. Oppfordringa frå Lene lyder slik: Kle deg etter veret, ta med noko å sitje på og bli med på natt-kino.

Har du forresten lagt merke til korleis utekinoen blir annonsert? Sjå i  vegkrysset ved Grønavikjo og i sentrum.

Kunstprosjektet Fitjarøyane har tittelen Five thousand generation of birds. Det har vore omtala i fitjarposten.no ved fleire høve tidlegare. Du kan og lese meir om dette på plakater, blant anna i sentrum.

pct steroids