Det var mange som fekk nyte godt av tilboda som ungdomane kom med.

Elevane som tok til  i niande klasse i haust har alt planlagt skuleturen som skal føregå i september neste år. Reisemål er Polen, og no framover tek dei mangt eit oppdrag for å samle inn pengar. Me kjenner til at dei nettopp har formidla sal av toalettpapir rundt om i bygda.

Sist søndag trefte me mange kjekke ungdomar som på ein eller annan måte gjorde ein god jobb. Nokre selde mat medan andre gjekk om kring i nissekle og delte ut sjokolade til dei minste borna då julgran-tenninga var over. Dei som også er med i Skulekorpset spela utanfor Larsen og i fakkeltoget.

Og dei same ungdomane gjekk i prosesjon inn i kyrkja då det var lysmesse om kvelden. Der deltok dei med skriftlesing, lystenning, bøn og song, fordi dei er neste års konfirmantar.