Orienterings-gruppa i Fitjar IL satsar i år både på turorientering, nyrekruttering i form av ein serie med rekruttløp og andre spennande arrangement.

I år er det lagt ut 45 turorienteringspostar i «Rossneset», «Fitjar aust» og «Sæterbø». Postane er lagt ut slik at det skal vera greit å nå dei saman med born, og dei ligg ute frå påske til ca. 1. september. Sesongen er allereie godt i gang, og fleire har allereie starta postjakta og poengsankinga. Turorienteringsmateriell kan ein få kjøpt hos MX-sport på Fitjar.

Rekrutt-karusellen startar med løp torsdagar 8. april med oppmøte ved Kulturhuset. Vidare vert det løp 22.04 (Klubbhuset ved grasbanen), 06.05 (Tveitasaga) og 20.05. (Dalshaugane). Her vert det både nybyrjarløype og C-løype. 11. mai vert det Sunnhordlandsranking ved Svartasmoget. Dette løpet tel og med i karusellen. Til hausten vert det 3-4 nye karusell-løp. Det vert premie til dei som deltek på minst 4 karusell-løp i løpet av året.

Søndag 2. mai vert det «Finn-Fram-Dag» på Dalshaugane.

Rolf Atle Rolfsnes i orienteringsgruppa fortel at i tillegg til dette vert det og deltaking i Sunnhordlandsrankinga, og dei kjem til å delta i ulike løp elles i Hordaland og Nord Rogaland.

Orienteringsgruppa ynskjer både nye og erfarne orienteringsløperar velkomen til å vera med på dei ulike arrangementa!