Kari Raunholm i Fitjar Treningssenter ønskjer velkommen til nytt semester med eit variert tilbod for ein kvar smak.

Kari Raunholm fortel at haustsemesteret startar måndag 1. september. Første timen er spinning måndag morgon kl. 09.00. Seinare går det slag i slag med timar i step, bosu, pilates og styrketrening,

Treningssenteret ønskjer nye og gamle medlemmer velkomne til allsidig fysisk fostring utover hausten. Også denne sesongen satsar dei på 9 månaders treningsavtalar, dvs. ut mai 2009.

Sist fredag var fleire instruktørar samla til ”workshop” for å førebu seg til det nye semesteret. Her øvde dei bl.a. mykje på step med Eva Grov som primus motor. Arbeidsstokken på Fitjar Treningssenter er derfor godt førebudd til å ta imot gamle og nye kundar til eit nytt semester.

Treningssenteret vil etter kvart få lagt ut informasjon på den nye heimesida si www.fitjartreningssenter.no