Nominasjonsnemnda i Fitjar AP v/Roger Nesbø som leiar, har i vinter/vår arbeidd for å få på plass partiet sitt listeframlegg til valet hausten 2015. I eige nominasjonsmøte 18. mars vart framlegget godkjent med Agnar Aarskog på topp.  Arkivfoto:FP/HCH

– Listeframlegget inneheld «gamal og nytt, lang erfaring og nye kostar», som skulle vera eit godt utgangspunkt for det komande kommunestyrevalet, heiter det i ei pressemelding frå partiet.

Der kan me vidare lese at det undervegs i prosessen er lagt vekt på å byggja vidare på kandidatar med lang politisk erfaring, men rekruttering har også vore ei svært sentral rolle i prosessen.

Det er òg teke omsyn til kjønn, alder, bustadområde m.m.. Lista inneheld dei fleste kriteria for kandidatar, som med utgangspunkt i AP sitt program, alle er innstilt på å vera med på å utvikla kommunen vidare.