Eit aggressivt måkepar jaga fleire som hadde tenkt å vatna på kyrkjegarden i dag. Me garderte oss med paraply og sykkelhjelm og sjekka det ut.

Eit måkepar som tydelegvis har reir på sørsida av kyrkjegarden, gjorde heftige utfall mot folk som prøvde å nærma seg gravene i nærleiken av reiret. Me fekk i alle fall tidlegare i dag melding om minst to som måtte gå i frå kyrkjegarden utan å få gjort ærendet sitt.

Eg tenkte då to ting.

Dette vil eg sjekka, og samstundes vil eg få vatna grava til svigerforeldra mine som ligg akkurat i dette området. Med full respekt for måker som hekkar, skal dei jo leva blomane òg.

Så kva gjorde eg.

Eg væpna med med sykkelhjelm og paraply.
Det skulle syna seg at paraplyen var det smartaste. Hjelmen brydde ikkje måkene seg så mykje om, og den vernar heller ikkje augo.

For situasjonen vart akkurat slik eg var blitt fortalt. Då eg nærma meg plassen der reiret må vera, vart det først eit lurveleven av måkeskrik. Så kom to måker i låg høgde og med stor, målbevisst fart, nett som japanske stupbombarar, med kurs rett mot hovudet mitt.

Då løfta eg opp den oppslegne, grøne paraplyen. Dei får heller hakka på den, tenkte eg. Men den hadde dei respekt for. Så sjølv om dei slett ikkje gav seg med ein gong, men stadig kom i nye stup, veik den unna for paraplyen kvar gong.

Så stod eg der då, i solskinet, og vatna blomar med oppslegen paraply over hovudet…

Om nokon såg meg trudde dei vel eg var mogen for ein eller annan institusjon, eller at eg hadde forlese meg på molbohistorier. Men så var det altså berre nokre aggresive måker, som i sin fulle rett kjempa for sitt og sine, eg måtte verje meg mot…..