Eit 30-tals tårnagentar fylte Fitjar kyrkje frå loft til kor denne helga.

Laurdagen brukte dei ferske tårnagentane på å bli kjende med kyrkja, ikkje minst klokketårnet, og å løysa agentoppgåver. Søndag føremiddag deltok dei på familiegudsteneste. Kyrkja var fullsett og dei unge agentane sette eit flott og tydeleg preg på gudstenestefeiringa. Spesielt kjekk var deira spennande, talande og gode dramapresentasjon av dagens tekst om flukta til Egypt.

Tårnagentane las teksten od dramatiserte historia om Josef, Mari og Jesus som måtte flykta til Egypt. Foto: Helga Rimmereid

Tårnagent-helga er kyrkjelyden sitt trusopplæringstiltak for dei som vert ni år dette året, og fokuserer på å oppdage kyrkja og historiar frå Bibelen.

Vi er tårnagenter, song 3. klassingane og sette spor etter seg i kyrkja. Foto: Helga Rimmereid

Ein kort samtale med agent Asbjørn, agent 007 Marius og agent Elise etter gudstenesta vitna om ei kjekk helg med gode opplevingar og mykje læring. Dei boblar over og pratar i munnen på kvarandre når dei skal snakka om alt det kjekke dei har opplevd. Det var gøyast med oppstartslabyrinten meiner ein, men er brått einige med dei to andre når dei ser det var kjekkast å sjå seg om rundt i kyrkja. Å spela på det rare pianoet på galleriet var kjekt, og endå kjekkare var det å sjå den store klokka i tårnet. Men det var litt skummelt og, kjekt skummelt.  Men det var nokon som vart veldig redde då, men ikkje me, seier dei smilande der dei står med kvar si bok i handa som dei har fått i kyrkja denne dagen. «Skatten i Liljedalen» handlar om ungar som dei sjølve, som løyser mysterium, slik dei løyste mysterium i kyrkja på laurdag. Det blir nok spennande lesing, men først må dei få seg litt kyrkjekjeks og kyrkjesaft. Dei ropar smilande «Ha da!», snur på hælen, hoppar ned trappa og spring med lange, lette steg nedover til kjeks-køen bak i kyrkja.

3. klassingane Asbjørn, Marius og Elise syntes det var kjempekjekt å vera tårnagentar. Foto: Helga Rimmereid

Ingressfoto: Tårnagentane fekk koma opp i det høge klokketårnet og kjenna på den store klokka der. Foto: Lovise Vestbøstad