Frå AFS har Fitjarposten fått spørsmål om å etterlysa interesserte vertsfamiliar for to utvekslingselevar som kjem til Noreg om to veker.

– Vi søker vertsfamilier over hele landet, og Fitjar-familiar er meir enn velkomne til å bli vertsfamilier også, skriv Cecilie Skouge i ein mail til Fitjarposten. De fleste familiane som opnar heimane sine, bur nettopp på mindre stader, og AFS har gode erfaringar med det, fortel ho.

Til hausten kjem 155 utvekslingselevar til Noreg gjennom den ideelle organisasjonen AFS Norge Internasjonal Utveksling. Dei kjem om berre 14 dagar, og framleis er det nokre få som ventar spent på informasjon om kor dei skal bu det komande skuleåret. Å vera vertsfamilie er spennende, utfordrande og hyggeleg, fortel Cecilie Skouge. – Dersom ein familie i området vil ha ei oppleving utanom det vanlege og få ein ny familiemedlem for eit år er det altså ikkje for seint!

Elevane kjem hit for å oppleve korleis norske tenåringar lever, og bur hos ein norsk vertsfamilie medan dei går eitt år på videregående skule. Eleven blir som ein del av familien, og ofte blir det knytt sterke band. – Som vertsfamilie må ein stilla med ei seng, mat og hjarterom, seier Kristin Heinrich, generalsekretær i AFS Norge. Mange meiner at det beste ved å vera vertsfamilie, er å få bety noko for andre, og at ein får ein ny familiemedlem for resten av livet. Elevane som kjem hit, er svært forskjellige, og derfor ønskjer også AFS familiar som gjenspeglar heile breidda av det norske folk. Det er ingen «typisk» vertsfamilie. Det viktigaste AFS ser etter hos ein vertsfamilie, er hjarterom og motivasjon til å inkludera ein ungdom som ein del av familien.

Her kan de bli kjende med eit par av AFS-elevane som framleis ventar på ein vertsfamilie:

Aziz fra Thailand:
http://www.afs.no/vertsfamilie/presentasjonsark.asp?id=c9b468ea58

Lien fra Belgia:
http://www.afs.no/vertsfamilie/presentasjonsark.asp?id=da8092ae0c

Hvis nokon er interesserte i meir informasjon, kan dei ta kontakt med AFS Norge på telefon 22 31 79 00, e-post info@afs.no eller sjå nettsidene http://www.afs.no/vertsfamilie.

Cecilie Skouge i AFS fortel at ho meir enn gjerne høyrer frå interesserte familiar i Fitjar.