Biletet av hundebæsjen er ifrå grasbanen i Fitjar Idrettspark og er sendt til fitjarposten.no frå ein av våre lesarar. 

-Ikkje nåke kjekt med hundebæsj på grasbanen. Kan du gjere folk oppmerksam på at det er ulovleg med dyr på grasbanen og kunstgraset, skriv lesaren.

Det gjer eg gjerne. Eg minnest vel ein gong eg landa midt i ein slik som på biletet under eit friidrettsstemne der kunstgrasbanen er no. Ei ufjelg oppleving som eg ikkje unnar fotballspelarane å bli utsett for.

Så oppfordringa er klår:
Vis omsyn og ikkje slepp hunder eller andre dyr ut på graset i Fitjar Idrettspark, eller på Kunstgrasbanen!