Onsdag 5. desember var Babysong og småbarnstreff samla til juleverkstad. 51 små og store hadde funne vegen til Bedehuset i ruskeveret, og satsa på bedre julestemning inne enn ute. Inne i varmen vart ein møtt med julemusikk og adventspynt.

Etter ei samlingsstund med julesongar og samtale om jula gjekk startskotet for aktivitetane, som mange hadde gleda seg til. Her var noko for ein kvar smak og ein kvar alder.

Marta E. Helland og Gunn Marit Volden hjalp dei som ville baka på kjøkenet, og det tok ikkje lang stund før den gode julemann-lukta spreidde seg over heile huset.

Då ein gjeng tok til med å tova ullballar med bjøller i, og blanda til varmt grønnsåpevatn, lukta det skikkeleg juleførebuing.

På eit bord kunne ein laga kort med håndtrykk på, og her kunne og dei aller minste delta. Å grisa med maling og få stempla med hendene var populært for mange.
Populært var det og å få boltra seg med blanke paljettar. Fyrstikkøskjer vart kledd med filt, og så pynta med dei lekraste julepaljettar. Nokon lagde mange øskjer, og ein skal ikkje sjå bort frå at nokre hamnar fint innpakka under eit juletre, her eller der.

Baksten måtte ein sjølvsagt smaka på. Dei flinkaste åt grovbrødskjeva dei hadde med i nisteboksen først, andre gjekk rett på julekaker og mandariner.

Med dette tar babysong og småbarnstreff juleferie, og møtes neste gong 16. januar.