Babysongkurset og småbarnstreff avslutta haustsemesteret med ei koseleg adventssamling medan snøen lava ned onsdag føremiddag.

Medan snøen lava ned og det knapt var råd å føta seg ute samla ein ekslusiv gjeng seg til adventssamling på Fitjar bedehus. Naturleg nok var det mange som sat heime og ikkje kom seg avgårde på grunn av store snømassar i oppkøyrselen og på vegane.  Men dei som kom seg ut fekk både bakt julemenn, høyrt juleevangeliet, sunge julesongar og laga julepynt. Lyslykter, glitrande fyrstikkøskjer og kort med fottrykk eller håndtrykk vart produsert på løpande band, til julemusikk og lukt av julemenn, pepperkaker og mandariner. 

Før juleverkstadaktivitetane tok til hadde babyane eiga songstund med adventspreg på loftet. Her vart det gjort stas på dei babyane som har delteke på kurset i haust med utdeling av diplomar. Babyane er glade i song og musikk og dei yngste vil gjerne fortsetta på det nye babysongkurset som tek til etter jul. Etter jul vert det og opna opp for nye kursdeltakarar. Dei som er interessert i å delta på det må anten følgja med på oppslag  eller ta kontakt med Astrid K. Prestbø eller Helga Rimmereid.

Leiarane og brukarane av babysong og småbarnstreff vil gjerne retta ei stor takk til kaffikokarane Guro Tveit, Martha E. Helland og Gerd Træet som legg til rettes for gode måltidsfellesskap.

Babysongkurset og småbarnstreff vert arrangert i regi av Fitjar sokneråd og er ein del av trusopplæringa til Fitjar kyrkjelyd.