Babysong og småbarnstreff avslutta semesteret med adventssamling med utdelinga av diplom til babysongkursdeltakarane, juleverkstadaktivitetar, julekjeks og mandarin.

Tolv babyar har delteke på babysongkurset i haust, og etter avslutta songstund denne onsdagen fekk dei utdelt deltakardiplom. Småbarnstreff-ungane hadde bytta ut si vanlege songstund med adventssamling rundt «bålet» med lystenning, julesongar og forteljinga om Jesus-barnet sin fødsel. Etterpå var det felles nistemåltid og servering av saft, kaffi, te, julekjeks og mandarinar, før små og store fann seg til rettes med leik på golvet eller juleverkstad-aktivitetar. Både babyane og dei større ungane fekk laga kort med håndtrykk eller fottrykk, og dei største ungane laga og adventsappelsin og pynta fyrstikkøskjer med filt og glinsande paljettar. Nokre nytta og høvet til å handla seg bøker, musikk eller filmar frå SunnBok sin stand.

Med denne kjekke adventsstunda tok småbarnstreff og babysong juleferie. Oppstart etter jul vert 11. januar. Småbarnstreff krev inga påmelding og er heilt gratis, men dei som ynskjer å delta på babysongkurset må melda seg på med namn på den vaksne og namn og alder på babyen til Helga Rimmereid (975 28 001) eller Astrid K. Prestbø (976 25 833) innan 6. januar. Kurset består av åtte samlingar og kostar 150,-. Dei som deltek på kurset får med ein Cd og eit enkelt songhefte.

Astrid og Helga, som leier småbarnstreff, ynskjer å retta ei stor takk til dei kjekke kjøkendamene Guro Tveit, Marta E. Helland og Gerd M. Træet som har hjelpt til med kaffikoking med meir i haust!

Imre Havn i djup konsentrasjon om arbeidet med å laga adventsappelsin.