Fitjar skulekorps har no starta salet av dei populære adventskalendrane sine. Musikantane går ei travel tid i møte, ikkje berre med kalendersal, men og ekstra øvingar, øvingshelg, øvingsskjema, framføringar, årsfest og konkurranse.

Under øvinga i kultursalen måndag kveld kunne me høyra dei første juletonane frå korpset. Då hadde det allereie vorte delt ut adventskalendrar til musikantane, som dei no skal rundt på dørene og selja. Kalendrane kostar 100,- stykke, og korpset kan lokka med mange flotte gevinstar, til ein samla verdi av 15 000,-.  Skulle du vera uheldig å ikkje få besøk av ein blid, kalenderseljande musikant på døra, kan du skaffa deg kalenderen anten hos Teodoren, på Filialen, eller når korpsforeldre sit hos Larsen og sel kalendrar 16., 17. og 18. november. Salsperioden er frå 1. til 28. november, men det kan vera lurt å ikkje utsetja det til siste stund om ein vil sikra seg ein kalender, seier Kari K. Prestbø i økonominemnda i korpset. I desember vert det daglege trekkingar, som vert annonsert i bladet Sunnhordland og her på Fitjarposten.

Etter julemusikk-gjennomkøyringa gjekk korpset over på konkurranseprogrammet sitt. 19. november skal dei delta i korpskonkurransen Sotrafestivalen, der dei i fjor gjekk av med sigeren i 3. divisjon. Før Sotrafestivalen skal korpset ha både øvingshelg og årsfest. Kva korpset elles held på med kan du lesa på heimesida deira her.

I pausen vanka det ostesmørbrød og kjeks, og nokre musikantar måtte bytta inn uniforma si i ei som var større, for det er ikkje berre musikken, men og kleda må sitta godt før store hendingar som årsfest og konkurranse.

Dei fleste musikantane gler seg til å gå rundt å selja den populære adventskalenderen, og håpar dei vert godt mottekne der dei ringjer på.