Fitjar skulekorps har dei seinare åra laga til adventskalenderar som dei sel for å skaffa inntekter til drifta av korpset. Næringslivet i bygda har sponsa kalenderen med flotte gevinstar, og musikkantane er no klare til å gå rundt i bygda å selja kalenderane.

Det er mandag kveld, og som vanleg er musikkantane i skulekorpset samla til øving på musikksalen på Rimbareid skule.

Økonominemda har førebudd adventskalendersal. Kalenderane er etterkvart vorte svært populære og er ei viktig inntektskjelde for korpset. I år er det ny utforming på kalenderen, og denne gongen er det Karl Olav Lunde som har laga biletet. Det er ein julekolasj( fotomontasje), satt saman av bilete og fotografi. Her ser me tårnet på fitjarkyrkja, Tysnessåta, juletre og ein nisse. Karl Olav er tidlegare musikkant i skulekorpset, og var med i heile 10 år fram til han flytta frå bygda for 3 1/2 år sidan. No er han student ved Kunstakademiet i Trondheim. Skulekorpset takkar han for jobben med ny adventkalender, og musikkantane meiner den nye kalenderen er veldig kul.

Vidare har nemda skaffa gevinstar frå næringslivet. Dei næringsdrivande er stort sett positive til å støtta korpset,  og det er mange flotte ting ein kan vinna. Det vert trekning kvar dag, og trekninga vert annonsert i Sunnhordland og her på Fitjarposten. Gevinstane kan hentast på kundetorget på Rådhuset fram til 9/1-09. Har nokon problem med å få henta gevinsten sin før den datoen kan dei ta kontakt med Kari K. Prestbø i skulekorpset (53 49 79 13/41 40 28 45).

Det er musikkantane sjølv som skal stå for salet. Kvar av dei får ein pose med sitt namn på og kalenderar inni, og salet tek til i skrivande stund. Salsperioden varer fram til 30. november. Det er heile 26 musikkantar i skulekorpset no, i tillegg til 11 aspirantar. Dette gjer at endå fleire distrikt får besøk av kalenderseljerar enn tidlegare, men nokon vil kanskje ikkje oppleva at dei kjem på deira dør. Men det er ingen grunn til å fortvila, det er og anledning til å kjøpa kalenderar på Hårloftet og hos Thea Træet. Uansett kvar ein handlar er prisen 70 kroner pr. stk.

Det vert og anledning til å skaffa seg kalenderar under julelotteriet til skulekorpset hos Larsen 15, 21. og 28 november. Hovudgevinsten i julelotteriet er ein fiks ferdig heimelaga adventkalender, noko mange små og ein del mødre drøymer om å vinna.

Musikkantane tar gladeleg imot kalenderane og gler seg til salet. Nokre sender teksmelding heim med det same: No har me fått adventskalenderane! Aslaug, som har eit heilt byggefelt åleina å selja kalendera i, meiner ho skal selja kjempemange, mange fleire enn i fjor. Og det trengs nok og, for det vert stadig fleire musikkantar i korpset og det krev fleire instrument, og fleire instrument det krev meir pengar…

Musikkantane håpar dei vert godt mottekne når dei bankar på dørene, og økonominemda minner om at i år kan alle følgja med på trekningane uansett kvar dei er i verda, sidan vinnarnummera vert å finna på nettet, her på Fitjarposten.

Fitjar skulekorps sin adventskalender.  Fotomontering: Karl Olav Lunde