1. søndag i advent vart markert på bedehusa i Fitjar og Øvrebygda i føremiddag. I Dåfjorden hadde dei eit fint arrangement laurdag ettermiddag.

På Øvrebygda bedehus var det fullt kring alle bord, og god alders-spreiing frå 1 veke til 85 år. Tysdagsklubben hadde ansvar for programmet, og Indremisjonsstyret laga mat.

Ingrid Malene tende det 1. adventslyset før Terje Koløen heldt andakt. Han fekk hjelp av Maria til å vise plansjar som illustrerte ein tekst om Esaias som var kalla av Gud til å forkynne ein profeti om Jesu kome til jord.

Etter ei god og triveleg matøkt var det to konkurransar og meir song. Då folk var på veg heimover, høyrde me snakk om å gå på skeiser og seinare delta i adventsprogram i sentrum.