Ingen kunne tru at nesten seksti små og store var i arbeid då Tysdagsklubben i Øvrebygda arrangerte juleverkstad.

Oppgåvene som var tilrettelagt av dei vaksne fall tydeleg i god smak. Borna var flittige og mykje vart produsert på dei åtte ulike stasjonane som ein kunne velje mellom. Ingen fann det fristande å lage sjau, bortsett frå lyden når mange banka med hammar og spiker i kjellaren. Haugen av kakemenn på kjøkkenet fekk bein å gå på i matpausa, der det også vart servert graut. Dei som laga sjokoladekuler kunne ta med seg heim eller ete opp etter kvart. Modellar av dekorasjonar til oppheng eller bordpynt gav idear til noko å lage. Utandørs var det høve til å duppe talgaljos; alltid ein populær aktivitet, men det tek tid å få eit bra resultat.