Kommunestyret gjorde i møtet 19. februar vedtak om nye adresser og vegnamn i Fitjar.

Fitjar kommune har ikkje hatt eit gjennomført adressesystem. Nokre område har hatt adresser med gatenamn og skilt. Andre delar har ikkje hatt nøyaktige adresser, men har brukt gardsnamn.

Etter kvart vert det heilt nødvendig å adressera kvart hus, det er argument godt nok å tenkja seg inn i ambulansesjåførane sin situasjon når dei skal finna fram.

Arbeidet med adresseringsprosjektet vart sett i gang hausten 2012, med formannskapet som styringsgruppe og ei namnenemnd der Torhild Andersen, Annar Westerheim og Magnar Kloster var med, og med rådmannen og Liene Tolka som sekretariat.

Namnenemnda sitt framlegg var lagt ut til høyring fram til 15. november 2013.

Du finn namneframlegga på side 140 på linken http://www.fitjar.kommune.no/sitefiles/21/kommunestyre2014/190214InnkallingKS.pdf

Kommunestyret vedtok framlegget frå namnenemnda med nokre endringar:

Fv545 Fitjar sentrum til kommunegrensa skal heita Fitjarvegen
Fv75 frå Synningjo til Rydland vert Storavassvegen
Sideveg til Fv75 som vart kalla Nesjavegen, vert endra til Hellandsvegen
Rossneshage vert Rossneshagen
Storavikjo vert Storavikvegen
Øvre Fiskaneset vert Øvra Fiskaneset.

No vert saka sendt til Sentralt Stedsnavnsregister (SSR) til godkjenning. Deretter går det ut informasjon frå kommunen om gjennomføring av ordninga.