Kommunestyret gjorde i møtet 17. juni vedtak om å endra nokre vegnamn i Fitjar.

Kommunestyret har tidlegare gjort vedtak om adresser og vegnamn i kommunen. I ettertid har det kome motsegn frå Kartverket på nokre av namna, og ynskje frå innbyggjararar om endring av enkelte vegnamn. 

Kommunen har laga sak med klage på at ein vert overstyrt av Kartverket når det gjeld å fastsetja lokale vegnamn. Saka går via Samarbeidsrådet, og namnenemndene i Stord og Fitjar har lagt ved ein uttale til saka. Kommunalkomiteen på Stortinget vurderer no, etter innspel frå Fitjar, å overføra vedtaksmynde i namnesaker til kommunane.

Lokalt har det vore mest fokus på vegen mellom Synningjo og Rydland. Her sende mange av innbyggjarane inn klage, sidan framlegg til namn var Storavassvegen. Det var eit heilt nytt namn, og folk ville ha namn som høyrde til i området.

I møtet i går kom Harald Rydland, KrF, med følgjande framlegg: 

«Kommunestyret fastset namnet Koløyvegen frå Rydland til Koløyholmen, medan vegen frå Synningjo til Øvrebygda bedehus skal ha namnet Hellandsvegen. Vegen som etter vedtak i 2014 fekk namnet Hellandsvegen, skal frå no av ha namnet Hellandsneset.»

Framlegget vart samrøystes vedteke.