Den årlege vårkonserten til Fitjar Musikklag heiter i år «ABBA goes brass», og er berre ei knapp veke unna.

Musikarane var i full gang med øving då Fitjarposten var innom kultursalen søndag ettermiddag. Framføringa «ABBA goes brass» består av ABBA-musikk som er arrangert for brassband av Jan Magne Olsen frå Stord. Med denne konserten held musikklaget fram ein tradisjon dei har hatt i årevis; kvar vår framfører dei ein konsert med eit bestemt tema.

Tidlegare år har dei framført mest tradisjonell korpsmusikk, men i år blir det meir pop. Leiar i Fitjar Musikklag, Terje Vidar Vestvik, seier til fitjarposten.no at dei ønskjer å gi lokale krefter ein større arena til å visa seg fram. Ikkje minst er dei opptekne av at dei unge songtalenta Marthe Volden Nordfonn, Ingvild Oma og Audun Arthur Mehammer skal få utfalda seg. Andre lokale songsolistar er Lisa Instefjord, Anne Karin Nilsen og Runar Gudmundsson. Det blir nok eit høgdepunkt å høyra sistnemnde syngja «Anthem» frå Chess. 

Dirigent for Fitjar Musikklag er Torbjørn Røssland, som er utdanna frå Norges Musikkhøgskole. Her har han utdanning i eufonium som hovudinstrument, og han har arbeidd som musikkoffiser i fleire år i Forsvarets Stabsmusikkorps. Han fortel om ei positiv utvikling dei to sesongane han har dirigert Fitjar Musikklag, både musikalsk og besetningsmessig. I dag tel korpset 27 musikantar. På denne konserten har dei og med eit band, som består av Heine Bernt Helland på bassgitar og Kjell Magnar Helland på gitar.

Desse konsertane har vore populære før, og musikklaget håper det blir minst like godt frammøte i år. Denne helga har dei øvd flittig, og det blir nye øvingar komande torsdag og fredag, før den store dagen: Laurdag 17. mars kl. 18.00 håper musikklaget på fullt hus i kultursalen.

Billettsalet er allereie i gang hos Thea Træet og Larsen Multihandel, fortel Terje Vidar Vestvik til slutt.